VANYLVEN MØRE OG ROMSDAL

VATN
OG VIND

Windsurf, kite, kajakk, SUP, foil og sauna. Vi elsker å bruke dei våte og vindfulle elementa naturen i Vanylven gir oss.

AKTIVITETENE VI TILBYR

ULIKE AKTIVITAR

Klubben har utstyr for mange vatn og vindsportsaktiviteter.

BLAD 01 • WINDSURF

WINDSURFING

Opplev meistring, fart og glede på vatnet!

Windsurfing kombinerer balanse, vind og bølgjer på ein unik måte. Enten du er nybyrjar eller har erfaring, legg vi til rette for gode opplevingar på fjorden. Her kan du lære i ditt eige tempo og utvikle ferdigheitene dine.

  • Opplæring og kurs for nybyrjarar
  • Utlån av brett og utstyr
  • Fellesøkter og aktivitetar på fjorden
MELD DEG PÅ
BLAD 02 • KAJAKK

KAJAKK

Oppdag fjorden frå eit nytt perspektiv!

Med kajakk kjem du tett på naturen og kan utforske den flotte kysten vår. Padling passar for alle som ønskjer naturopplevingar, fysisk aktivitet og sosialt fellesskap – anten du vil nyte rolege turar eller utfordre deg sjølv.

  • Kurs og opplæring i padling
  • Introkurs
  • Grunnkurs
  • Teknikkurs
  • Organiserte turar og fellesaktivitetar
  • Utlån av kajakk og utstyr
MELD DEG PÅ
BLAD 03 • KITE

KITE

Kjenn krafta frå vinden!

Kiting gir ei unik blanding av fart, spenning og meistring. Med vinden som drivkraft kan du oppleve fjorden på ein heilt ny måte. Vi ønskjer å skape eit inkluderande miljø der både nybyrjarar og erfarne kan utvikle seg saman.

  • Opplæring med fokus på tryggleik
  • Fellestrening og erfaringsdeling
  • Sosiale samlingar og aktivitet i god vind
MELD DEG PÅ

KLUBBEN

Vanylven vatn og vindsportsklubb blei stifta i 2026 og er ein klubb for alle som ønskjer å oppleve gleda ved aktivitet på og ved vatnet. Med den flotte naturen, fjordane og kystlinja i Vanylven som utgangspunkt, ønskjer vi å skape eit aktivt og inkluderande miljø for vassport og friluftsliv.

Klubben legg til rette for aktivitetar som windsurfing, wingfoil, kiting, kajakk, SUP, sauna og andre vatn og vindsportsaktivitetar. Vi ønskjer å gjere vassport tilgjengeleg for flest mogleg, uavhengig av alder, erfaring og økonomi. Gjennom fellesaktivitetar, opplæring og tilgang til utstyr vil vi senke terskelen for å kome seg ut på vatnet.

Låne utstyr
Kurs
Tryggleik i fokus
Fellesturar
STYRET
LEIAR Lars Jonasmo
NESTLEIAR Randi Irene Helgøy
KASSERAR Håkon Herum Larsen
STYREMEDLEM Andreas Paleologos